Barnehagen i Bryne kyrkje


Trivsel, tryggleik og tru på meistring i eige liv.

 
  • Om barnehagen

Barnehagen i Bryne kyrkje opna i august 1980, og er dreven med særlege formål. Det inneber at me ivaretek den kristne kulturarven gjennom bibelfortellingar, sangar og aktivitetar både i høgtidene og elles i året.

Lokala til barnehagen ligg sentralt i Bryne kyrkje, med utsikt over Mølledammen og Bryne sentrum. Me er ofte på tur, og i nærområdet vårt ligg mellom anna Sandtangen, parken og biblioteket i gåavstand frå barnehagen.

Eigar er Time Kyrkjelege fellesråd, og barnehagen er med i kommunalt opptak og nettverk som er organisert av oppvekstetaten i Time Kommune.

  • Organisering:

Opningstid/ opphaldstid: 07.30-16.30 / 5 dagar pr veke

På turar og i aktivitetar deler me oss ofte i små grupper og aldersinndelte grupper. Målet med desse er å sjå kvart enkelt barn kvar dag, og at barna får aktiviteter og leik som fremmer utviklinga deira.

Kvart barn har ein primærkontakt og pedagogisk leder. Desse har eit særskilt ansvar for barnet, og er dei som vil ta imot barn og foreldre i det første møtet med barnehagen.

  • Foreldresamarbeid:

Me ønskjer samarbeid og dialog med foreldre/ føresette. Me har erfart at dette gir barnet samanheng og heilskap. Me har rutiner for foreldresamtalar og foreldresamlingar, men legg og stor vekt på det daglege møtet i bringe- og hentesituasjonen.

  • Personalet:

Me har fortida 9 personale tilsett i ulike stillingar. Me har eit stabilt personale med ulike kvalitetar og i ulike aldrar. Felles er at me trivest i lag med barn, og legg vekt på å være aktive og engasjerte vaksne.

  • Innhald:

Barnehagen sitt innhald er bygd på innhaldet i rammeplanen.

  • Tema/ satsingsområde: Sosial kompetanse er eit satsingsområde for barnehagen, og tema for dette barnehageåret er vennskap og god trivsel. Me brukar ulike verktøy som til dømes Gleding, Grønne tankar-glade barn og vennebøkene.
  • Språk: Barnehagen har mellom anna to språkverktøy som me har god erfaring med; Grep om begrep og Bravoleken.
  • Kosthald: me har i fleire år hatt dette som eit fokusområde, og ønsker å fremme at god mat er god omsorg.

Les gjerne meir om innhaldet i årsplanen som ligg under dokument på heimesida vår.

Velkommen innom oss på eit besøk,

eller ta kontakt på telefon/ epost viss de vil vite meir om oss!

 

Barnehagen i Bryne Kyrkje
Brynevegen 9, Boks 89,4349 Bryne
tlf 51 48 02 36
Styrar: Rut Steinbru mobil: 913 32 635
epost: bryne.barnehage@time-kyrkja.no
heimeside: http://www.barnehagenibrynekyrkje.barnehageside.no/

fb: @barnehagenibrynekyrkje

Barnehagen har og ei lukka gruppe på facebook. Denne brukar me til å legge ut kvardagsøyeblikk, og innformasjon som til dømes månedsplanar.

Du kan søke plass hos oss via samordna opptak i Time Kommune:

https://www.time.kommune.no/tenester/barnehage-skule-og-familie/barnehage/barnehageplass-sokja-plass-endra-plass-svara-pa-tilbod/

Tilbake