DEN NORSKE KYRKJA
Time kyrkjelege fellesråd
  Search
Sunday, February 05, 2012 ..:: Trusopplæring hovudside ::..   Login
 Text/HTML

Trusopplæring i Time               

 

... i det de døyper dei og lærer dei... er oppdraget Jesus har gitt. I dåpen vert vi minna om å be for barna, lære barna sjølv å be og bruke Guds ord og Herrens nattverd, slik at barna vert verande hjå Kristus når dei veks opp.

Foreldre og fadrar har ansvaret for å lære barna opp i den trua dei er døypt i. Dei aller viktigaste erfaringane med tru får barna heime. Kyrkja ønskjer å vere medspelar og ressurs for foreldra i den kristne oppsedinga. "Størst av alt" er kyrkja sitt program for trusopplæring. Gjennom faste, tidsavgrensa, alderstilpassa opplegg får alle barn og ungdom tilbod om systematisk og samanhengjande trusopplæring. Samlingane er prega av varierte arbeidsformar som t.d song/musikk, leik, forteljing, dramatisering, utprøving/ etterforskning, smågrupper, gudsteneste mm. Kyrkja er ein god stad for læring og ein god stad å vere saman med Jesus.

Velkommen til trusopplæring i kyrkja!

0 år: Dåpssamtale og helsingar til dåpsdagar.

0-1 år: Babysong

2 år: Undretur

4-år: Barnebibel og adventsklubbb

1. klasse: Dåpsskule

3.klasse: Tårnagenthelg.

4. klasse: Pinse-fart

5.klasse: Størst av alt med "Lys våken"  ("Juniorkonfirmant")

7.klasse: Under planlegging

9.klasse: Konfirmant - sjå eigne sider

 

Meir om trusopplæring:

www.storstavalt.no kan ein finne meir om trusopplæring i Den norske kyrkja. Her kan ein trykkje seg inn på Bryne, Time og Undheim kyrkjelyder og finne meir om prosjektet vårt. Ein kan òg lese meir her: Trusopplæring

    

Powered by LabOra - Agrando AS