DEN NORSKE KYRKJA
Time kyrkjelege fellesråd
  Søk
5. september 2010 ..:: Pilgrimsvanding - hovudside » Langs kongevegen på Jæren ::..   Logg inn
 Langs kongevegen

PILEGRIMS-VANDRING
 
langs Kongevegen
på Jæren
 
  
Å vera pilegrim er å vera undervegs og samtidig ha eit mål. Den ytre vandringa er som ei vanleg vandring, men reisemålet kan vera ein heilag stad, eit kyrkjebygg. Den indre vandringa har retning mot Gud sjølv.
 
I pilegrimsvandringa kan den ytre og den indre reisa bli éi og den same. Vandringa er ikkje ei flukt bort frå sjølve livet, men ei vandring med Gud for å få mot og kjærleik til å vera undervegs – i livet. Den ytre ramma for pilegrimsvandringa kan gje styrke til det indre livet. Her kan salmeboka og enkle liturgiar koma oss til hjelp (sjå nettsida "Andakt undervegs" i margen til venstre)

Prosten i Jæren har teke initiativ til å merka ein pilegrimsveg langs Kongevegen på Jæren. Pilegrimsvegen går frå Varhaug gamle kyrkjegard og nordover til Stefanuskyrkja i Nærlandparken. Gå der pilegrimsmerkene er sett opp, og fylg dei blå merkene som syner kor Kongevegen går. Etter at du har passert hengebrua over Håelva, går du ein avstikkar til høgre opp til den gamle steinkrossen på Njærheim. Derfrå går du tilbake til elva og følgjer vegen vidare til Nærlandparken.

Avstandar:
Frå Varhaug gamle kyrkjegard til Hå gamle prestegard: ca 8 km
Frå Hå gamle prestegard til steinkrossen på Njærheim: ca 2 km
Frå Steinkrossen på Njærheim til Stefanuskyrkja: ca 4 km

Pax et bonum!
Fred og alt godt!
  

Copyright 2006 by Duplo Data AS