Time kyrkjelege fellesråd > Born og Unge > Plan B - Aktivitetsdag
Plan B - Aktivitetsdag 6 år

Treng du ein Plan-B? Me inviterer seksåringane til ein 

kjekk dag i kyrkja ein av planleggingsdagane i skuleåret. 

Tema for dagen er skaparverket: "Gud skapar - me lagar" 

Me vil ha aktivitetar ute og inne. 

 

Foreldre/føresette leverer barna om morgonen mellom kl. 08.00-09.30 og hentar mellom 

kl.14.00-15.00.  

 

Dato hausten 2019: 15. november.

Eigenbetaling denne dagen er kr 100,-.

 

 

                                                                                                                                         Ill: Elisabeth Moseng

Velkommen! 

 

 

 

 

 

 
Påmelding Plan B - Aktivitetsdag 2019

Photo by Robert Collins on Unsplash

Flott dag i Undheim kyrkje!

Fredag 18/11 2016 var 21 seksåringar samla i Undheim kyrkje mellom kl 0800-1500. Dagen var variert med leik, undervisning, gruppeaktivitetar og tur. Ungane fekk syngje, male, teikne, lage mat og ute hadde me sporleik. Tema for dagen var Gud skapar - me lagar. Me fekk høyre om Gud som skapte verda og ungane fekk lage eigne ting ut frå det Gud har skapt.

Takk til ein fantastisk flokk med leiarar og ikkje minst ein super gjeng med seksåringar! Me gler oss allereie til neste år!

                  

          

Kontakt

Ragnhild Hanssen

Trusopplærar
Time og Undheim

 Send e-post

Mari Ask Helland

Kyrkjelydspedagog Bryne
 Send e-post