Time kyrkjelege fellesråd > Born og Unge > Barnebibel
Barnebibel 4 år

 Me ønskjer å gje alle 4-åringar ei flott bok   gåve:"Bibelen for dei små".

 Her er det mange  spennande forteljingar og flotte   bilete å sjå på. 

 Velkommen til familiegudsteneste der 4-åringane får  vere i fokus. Her får de høyre ei forteljing frå   barnebibelen og 4-åringane får komme fram og ta i   mot kvar sin bibel. 

 

På gudstenesta vil de og få sjå og høyre om andre tilbod barna kan få vere med på i kyrkjelyden.

 

Me håpar de vil bruke barnebibelen i heimen i etterkant. Foreldre og føresette er dei viktigaste til å  formidle kristen tru og tradisjon til barna. 

Me håpar denne barnebibelen kan gje mange gode opplevingar og samtalar.

 

 

Velkommen til gudsteneste!

 

   

 

Påmelding fireårsklubb Time og Undheim 2019
Fireårsklubb

I Time og Undheim vil me frå no av kalle adventsklubben for Fireårsklubb. Me skal ha tre samlingar på ettermiddagstid, og så avsluttar med fireårsklubben med ei flott gudsteneste med utdeling av barnebibel til 4-åringane. 

På samlingane skal me høyre bibelforteljingar, syngje, leike og lage noko fint.

Datoar Time 2019: 12/11, 19/11, 26/11 og gudsteneste 1/12 

Datoar Undheim 2019: 21/11, 28/11, 5/12 og gudsteneste 8/12

Eigentbetaling for fireårsklubben er 50,- kr.