Familiefokus på Rosseland skule
Familiefokus på Rosseland skule
Bryne Kyrkjelyd har ein visjon som mange kjenner: “Den opne famns kyrkje. Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning.”
At nokre av gudstenestene våre vert feira på Rosseland skule, er med på å sikra mangfald i lokasjon, uttrykksform og målgruppe for gudstenestene våre. For å tydeleggjera at arbeidet på Rosseland skule er familiearbeid for alle i Bryne Kyrkjelyd, har me nå gått vekk i frå Rosselandsnamnet. Arbeidet på Rosseland er for alle på Bryne, men satsingsområdet er i særleg grad barnefamiliar. Difor er namnet på dette arbeidet no: “Familiefokus”.
Så hjarteleg velkommen til gudsteneste skal de alle vera, i Bryne Kyrkje og på Rosseland skule.
Informasjonsfaldar om “Familiefokus” vil du finna ved inngangen.