DEN NORSKE KYRKJA
Time kyrkjelege fellesråd
  Search
Sunday, February 05, 2012 ..:: Konfirmantarbeid - hovudside » Sommarkonfirmantar 2010 ::..   Login
 Article Details

Innskriving

Kategorier: | Forfatter: Ingfrid Time Nærland | Opprettet: 6/30/2009 | Visninger: 426

Alle som er fødde i 1995 har nå mottatt brev om konfirmasjon 2010. Innskriving skjer fortløpande til kyrkjekontoret, også etter fristen 20. juni.

Me vil at konfirmasjonstida i kyrkjelyden skal hjelpa ungdomar med å finna svar på nokre av dei spørsmåla dei fleste har om tru og tvil, meininga med livet, kven Gud er og kva Han har med oss å gjera. Me vil også at ungdomane skal bli kjende med kyrkjelyden vår, med gudstenesta og med dei menneska som plar samlast i kyrkja ved ulike høve.

Ungdomar som ikkje er døypte, er òg velkomne som konfirmantar i kyrkjelyden, men berre dei som er døypte kan verta konfirmerte. Me kjem tilbake til når eventuell dåp kan finna stad.

Mykje har endra seg gjennom dei 250 åra me har hatt konfirmasjon i Norge. Også innhaldet på sjølve konfirmasjonsdagen. På konfirmasjonsdagen vert konfirmantane minna om at dei er døypte og lærte opp i trua. Deretter vert det bede for kvar enkelt. Det skjer ved at konfirmantane kneler ned ved altarringen (ein avgir altså ikkje noko løfte).

Konfirmantane kan velja mellom to veldig forskjellige opplegg: 1) Vinterkonfirmant med konfirmasjon 2. mai eller 2) Sommarkonfirmant med konfirmasjon 5. september.

Vinterkonfirmant med konfirmasjon 2. mai 2010. Dette er eit nokså tradisjonelt opplegg med samlingar annankvar veke. I tillegg er det valfrie grupper, besøk av Roadservice m/konsert, tilbod om weekend og innsamling til Kirkens Nødhjelp. Sommarkonfirmantane har nesten ikkje samlingar i løpet av året, men reiser på KonfCamp på Skjærgårds music & mission festival på Risøya på sørlandet. Her møter dei omlag 400 andre konfirmantar frå resten av landet, som dei har undervisnsing saman med. Sommarkonfirmantane får også med seg besøk av Roadservise og innsamlinga til Kirkens Nødhjelp.

Kontingenten for vinterkonfirmantane er på kr 600,- og for sommarkonfirmantane kr 3000,- (heile leiropphaldet inkludert).

Velkomen som konfirmant!

Bookmark and Share

Return to previous page
  

Powered by LabOra - Agrando AS