DEN NORSKE KYRKJA
Time kyrkjelege fellesråd
  Søk
29. juli 2010 ..:: Barnehagar » Fotland barnehage ::..   Logg inn
 Fotland barnehage

Fotland Barnehage
Fotland
4349 Bryne
Tlf: 51 48 50 57
 
fotbarn@time-kyrkja.no
 
 
Styrar:
Kari E. Stokka
 
Tal på tilsette:
5
 
Opningstid:
07.30-16.00
 
Opphaldstid:
3-5 dagar pr veke
 
 
Presentasjon av Barnehagen.
Fotland Barnehage starta i 1989, og har 18 plassar frå 2-6 år.
Barnehagen ligg ca.200 m frå Fotland Bygdemølle mot Fosse, og områda rundt er landlege med gardar og flott turterreng.
Eigar er Time Kyrkjelege Fellesråd, og barnehagen er med i kommunalt opptak og nettverk som er organisert av oppvekstetaten.
Basis for innhaldet i barnehagen er Den gyldne regel:
 
” Det du vil andre skal gjere mot deg, det skal du gjere mot dei”
 
 
 
  
  
Barnegruppa:
På turar og i aktivitetar kan barna verte delt i mindre grupper, og kvart barn har si primærkontakt i personalet. I år delar me ungane inn i smågrupper kvar formiddag slik at alle barn vert sett, og får tilpassa aktivitet og lek til sitt utviklingsnivå.
Primærkontakta har eit særskilt ansvar for barnet, og er den som vil ta imot barn og foreldre i det første møtet med barnehagen.
 
Personal:
Me har fortida 5 personale tilsett i ulike stillingar.
Me har eit stabilt personale med ulike kvalitetar. Felles er at me trivest i lag med barn, og legg vekt på å være aktive og engasjerte vaksne.
 
 
Foreldresamarbeid:
Me ønskjer samarbeid og dialog med foreldre/ føresette. Me har erfart at dette gir barnet samanheng og heilskap.
Me har rutiner for foreldresamtalar og foreldresamlingar, men legg og vekt på det daglege møtet i bringe- og hentesituasjonen.
 
Vil de ha meir informasjon om barnehagen er det berre å ringe eller
ta turen innom!
 
  

Copyright 2006 by Duplo Data AS