Barnehagen i Bryne Kyrkje
Brynevegen 9, Boks 89,
4349 Bryne
tlf 51 48 02 36
Styrar:
Rut Steinbru
mobil: 913 32 635
Tal på tilsette:
9
Opningstid:
07.30-16.30
Opphaldstid:
3-5 dagar pr veke
Presentasjon av Barnehagen.
Barnehagen starta i 1980, og har 24 plassar med barn frå 0-6 år.
Barnehagen held til i Bryne Kyrkje, og har stort uteområde med Mølledammen og sentrum som næraste nabo.
Eigar er Time kyrkjelege fellesråd, og barnehagen er med i kommunalt opptak og nettverk som er organisert av oppvekstetaten.
Basis for innhaldet i barnehagen er Den gyldne regel:
” Det du vil andre skal gjere mot deg, det skal du gjere mot dei”
Satsingsområde
I år, 2011/2012, I fjor hadde me EVENTYR som tema. Det syntes me var så spennende og kjekt at me vil fortsette med det dette året og. Det er mykje læring i eventyr for eksempel språk og sosial kompetanse.
Språk er avgjerande for læring, sosiale relasjoner og vennskap. Barnehagen skal sørge for at alle barn får varierte og positive erfaringer med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel og som redskap til uttrykk for tankar og kjensler.
Me vil ha eit særskilt fokus på HELSE. Me har som mål at barna skal verte kjend med gode vaner og få innsikt i korleis dei kan ivareta helse og livskvalitet. Godt kosthold og og god veksling mellom aktivitet og kvile er av betydning for å utvikle ein sunn kropp.
Aktiv bruk av natur og nærmiljø gjer mange muligheter.
Me har kristen samling eit par gonger i månaden.
Me legg vekt på å være konkrete i arbeidet med dei ulike fagområda områda, og bruke både inne og ute området. Leiken har og ein sentral plass i barnehagen vår, og er overordna metode for gjennomføring av alle planar.
Barnegruppa:
På turar og i aktivitetar kan barna verte delt i mindre grupper. I år er barna aldersinndelte i grupper kvar dag for at me skal sjå kvart enkelt barn kvar dag, og at dei får tilpassa aktiviteter og leik til deira utviklingsnivå.
Kvart barn har ein primærkontakt. Primærkontakta har eit særskilt ansvar for barnet, og er den som vil ta imot barn og foreldre i det første møtet med barnehagen.
Personalet:
Me har fortida 9 personale tilsett i ulike stillingar.
Me har eit stabilt personale med ulike kvalitetar og i ulike aldrar.
Felles er at me trivest i lag med barn, og legg vekt på å være aktive og engasjerte vaksne.
Foreldresamarbeid:
Me ønskjer samarbeid og dialog med foreldre/ føresette. Me har erfart at dette gir barnet samanheng og heilskap.
Me har rutiner for foreldresamtalar og foreldresamlingar, men legg og vekt på det daglege møtet i bringe- og hentesituasjonen.
Vil de ha meir informasjon om barnehagen er det berre å ringe eller ta turen innom!