Barnehagen i Bryne Kyrkje
Brynevegen 9, Boks 89,
4349 Bryne
tlf 51 48 02 36
Styrar:
Tobi Ruth Haugstad
Tal på tilsette:
9
Opningstid:
07.30-16.30
Opphaldstid:
3-5 dagar pr veke
Presentasjon av Barnehagen.
Barnehagen starta i 1980, og har 24 plassar med barn frå 2-6 år.
Barnehagen held til i Bryne Kyrkje, og har stort uteområde med Mølledammen og sentrum som næraste nabo.
Eigar er Time kyrkjelege fellesråd, og barnehagen er med i kommunalt opptak og nettverk som er organisert av oppvekstetaten.
Basis for innhaldet i barnehagen er Den gyldne regel:
” Det du vil andre skal gjere mot deg, det skal du gjere mot dei”
Satsingsområde
I år, 2008/2009, skal me arbeidda med Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen. Gjennom Klatremus skal me arbeida med alle fagområda i rammeplanen. Me vil ha eit spesielt fokus på språk, matematikk og sosial kompetanse som er område barnehagen særskilt vektlegg. Me har kristen samling eit par gonger i månaden.
Me legg vekt på å være konkrete i arbeidet med dei ulike områda, og bruke både inne og ute området. Leiken har og ein sentral plass i barnehagen vår, og er overordna metode for gjennomføring av alle planar.
Barnegruppa:
På turar og i aktivitetar kan barna verte delt i mindre grupper. I år er barna aldersinndelte i grupper kvar dag for at me skal sjå kvart enkelt barn kvar dag, og at dei får tilpassa aktiviteter og leik til deira utviklingsnivå.
Kvart barn har ein primærkontakt. Primærkontakta har eit særskilt ansvar for barnet, og er den som vil ta imot barn og foreldre i det første møtet med barnehagen.
Personalet:
Me har fortida 9 personale tilsett i ulike stillingar.
Me har eit stabilt personale med ulike kvalitetar og i ulike aldrar.
Felles er at me trivest i lag med barn, og legg vekt på å være aktive og engasjerte vaksne.
Foreldresamarbeid:
Me ønskjer samarbeid og dialog med foreldre/ føresette. Me har erfart at dette gir barnet samanheng og heilskap.
Me har rutiner for foreldresamtalar og foreldresamlingar, men legg og vekt på det daglege møtet i bringe- og hentesituasjonen.
Vil de ha meir informasjon om barnehagen er det berre å ringe eller ta turen innom!